Merkevareplattform og grafisk profil

I våre overordna planar har vi i Balestrand kommune sagt at:
• Kommunen skal vere ein attraktiv stad for lokale næringslivsaktørar
• Fråflyttinga skal stoppast og innbyggjartalet skal aukast til 1500 personer
• Næringane skal styrkast og Balestrand skal utvide sitt tilbod innan ferie og fritid
• Talet heilårsarbeidsplassar skal aukast og det skal vere tilgjengeleg areal for dei som ønskjer å utvide verksemda eller etablere nye verksemd i kommunen.

Samstundes lever vi i ei tid der det er konkurranse om det meste; bedriftene konkurrerar om kundane, hotella konkurrerar om gjestene, kommunane konkurrerar om å vere attraktive for tilsette og potensielle innflyttarar osv.

Det er på denne bakgrunnen vi har valt å satse på å utvikle ei plattform for kommunikasjon med ein tilhøyrande grafisk profil. Vi trur ikkje at dette er det einaste tiltaket som trengs for å nå måla, men det er eit av fleire tiltak kommunen skal gjennomføre.

Vi har lagt vekt på at den grafiske profilen vi her presenterar også kan brukast av bedriftene i Balestrand i den grad dei ønskjer det. Vi håper og at Balestrand-logoen og grafisk element kan nyttast i marknadsføringa til di bedrift. 


Harald Offerdal
ordførar